top of page

DU FINN MEG PÅ SNIPPA!

  • post54842
  • 7. okt. 2024
  • 2 min lesing

Oppdatert: 10. des. 2024



Hei alle!


No skjer ting i ei slik fart her at eg nesten ikkje heng med sjølv!


I september flytta eg inn i nye lokale i Snippa 2, midt i Volda sentrum. Du finn meg rett over vegen for Spinneriet, med eigen inngang på gateplan. Enn så lenge er lokala ganske anonyme, men eg er likevel godt igang med behandlingar og kjenner at dette er ein god stad å være!



Du finn lokalet til Yngvil i Snippa 2, ved siden av Holmen mat & drikke. (Foto: Bendik Mork Folkestad)
Du finn lokalet til Yngvil i Snippa 2, ved siden av Holmen mat & drikke. (Foto: Bendik Mork Folkestad)


Stand på Voldadagen


Då Voldadagen gjekk av stabelen i slutten av september valde eg å hoppe i det med begge beina, og deltok med eigen stand. Litt tidligare enn planlagt kanskje, sidan eg berre så vidt er i gang på Snippa, men det var fint å kunne synleggjere at det no dukkar opp eit nytt behandlingstilbod i området.


Det var utrulig kjekt å møte og prate med alle som er nysgjerrige på hypnoterapi og LIFE Therapy! Eg opplever virkelig at det er både interesse og behov for eit slikt tilbod. Tusen takk til alle som var innom.


Mange av dykk som les dette nyhetsbrevet for første gong deltok kanskje i kunstlotteriet eg arrangerte der? Da kan eg nytte høvet til å annonsere kven som vann.Og vinnaren er: 


... trommevirvel...

Tone Marie Aurdal!


Gratulerer til deg!  Vonar det signerte trykket av Stonehenge Atlantica fall i smak. 



Hypnoterapi i vinden


Ikkje lenge etter Voldadagen fekk eg koselig besøk på Snippa av ein journalist frå Møre-Nytt. Dette resulterte i ein fin artikkel om den vesle bedrifta mi. Veldig kjekt, og ikkje minst virkningsfullt! For makan til respons! Eg gler meg til å møte alle dykk som har tatt kontakt for å få hjelp framover.


Elles prøver eg så godt eg kan å ri på bølga. Dei observante av dykk har kankje merka at målforma er endra. (Når eg bur midt i nynorskland så får heller googlealgoritmene vike). Ny visuell profil er på trappene, og namn på bedrift og nettsider vil endre seg. Spanande tider!


Men først: Samling i tigerstaden for å lære enno meir om vår eiga underbevisstheit og korleis hypnose kan hjelpe til med å løyse opp i tankesurr, traumer og fastlåste mønster.


God helg til deg!



Helsing

YngvilB.

bottom of page