top of page

EG BLIR SÅ GLAD!

  • post54842
  • 18. nov. 2024
  • 1 min lesing

Oppdatert: 10. des. 2024



Noko av det mest givande med å være terapeut er å sjå ei positiv endring hos dei som kjem til meg.  Det gjer godt  å oppleve at eit menneske veks og utviklar seg, kjem over eigne mentale hinder,  fastlåste tankar og tankemønster.

Eg blir glad


  • når eg får ein sms på kveldstid om at alt røykesug eller alle tvangstankar er som fordufta

  • når det tikkar inn eit bilete som viser at søvnanalysen på Apple-klokka har endra seg frå mørkeraudt til grønt

  • når nokon etter behandling kan fortelle at så djup avslappa tilstand har dei aldri før vore i

  • når eg får vite at eg har bidratt til at nokon er på ein betre stad i livet enn før 


Slike tilbakemeldingar gjer meg trygg på at det eg har starta opp med er viktig og rett, og verd å satse på.


Relaterte innlegg

bottom of page