
Om meg
Eg har eit djupt ønske om å hjelpe andre å åpne opp for alt positive som ligg der på vegen framfor dei.

Yngvil Birkeland
Når du kjem til meg kartlegg vi saman dine styrker og utfordringar, og kva endring du ønsker i din eigen livssituasjon. Dette dannar grunnlaget for ein grundig og strukturert terapi, der hypnoterapi utgjer kjernen i arbeidet.
Eg nyttar i tillegg kunnskap og metoder frå ulike energibehandlingar for på best mogleg vis å hjelpe deg å hente fram dei ressursane som allerede bur i deg.
Du får hjelp til å bli bevisst eigne tankemønster, og korleis du kan endre desse så du støttar deg sjølv på vegen mot eit betre liv.
Slik arbeider vi saman for at du på beste måte skal klare å gi slepp på både mentale, emosjonelle og fysiske plager.
Hypnoterapi virkar aller best når den som kjem til behandling føler seg heilt trygg og ivaretatt, og stoler på det terapeuten gjer. Eg vil alltid møte deg med respekt, og med eit ekte ønske om å hjelpe deg med akkurat det du strever med. Taushetsplikt er ein sjølvsagt del av dette.

Bakgrunn
-
Spesialisert Hypnoterapeut, NIHH (Norsk Institutt for Klinisk hypnose og hypnoterapi), 2024
-
Klinisk Hypnoterapeut, NIHH, 2023
-
LIFE Therapeut, 2022-dd
-
AuraformidlerTM, 2018
-
Faglærar i kunstfag og musikk, 2000-dd.
-
Pedagog, formidlar og skapande kunstnar gjennom 25 år
Lokale
Klinikken ligg sentralt i Volda sentrum.
I Snippa 2 (rett over vegen for Spinneriet kjøpesenter) finn du dei koselege lokala på bakkeplan.