top of page

Personvernerklæring

Velkomen til hypnoterapeuten.no! Eg set stor pris på tilliten du viser og ønskjer å sikre at personvernet ditt blir ivaretatt. Denne personvernerklæringa forklarer korleis opplysningane dine blir samla inn, brukt, lagra og verna når du besøker nettsida.

1. Kva for informasjon blir samla inn?


Når du besøker eller bruker nettsida vår, kan vi samle inn følgande informasjon:

Personlege opplysningar: Når du fyller ut kontaktskjema, bestiller timar eller registrerer deg, kan vi be om namn, e-postadresse, telefonnummer og eventuell annan relevant informasjon.


Automatisert informasjon: Vi bruker informasjonskapslar (cookies) for å samle inn opplysningar om nettlesar, IP-adresse, besøkte sider og bruksmønster.

2. Korleis bruker vi informasjonen din?

Vi bruker informasjonen din til følgande formål:

  • For å administrere bestillingar og svare på førespurnader.

  • For å tilpasse opplevinga di på nettsida.

  • For å sende deg informasjon om tenestene våre, dersom du har samtykka til det.

  • For å analysere bruksmønster og forbetre nettsida vår.
     

3. Deling av informasjon

Din personlege informasjon delast ikkje med tredjepartar, med mindre dette er naudsynt for å levere tenester (til dømes betalingsløysingar) eller pålagt av lov. Eventuelle tredjepartar er forplikta til å behandle informasjonen din i samsvar med denne erklæringa.

4. Lagring av data

Informasjonen din blir lagra så lenge det er nødvendig for dei formåla som er nemnde ovanfor, eller så lenge det krevast etter lov. Wix Studio, som nettsida er bygd på, har innebygde sikkerheitssystem som vernar data mot uautorisert tilgang, tap eller misbruk.

5. Dine rettar

Du har rett til:

 

  • Innsyn i kva informasjon vi har lagra om deg.

  • Be om endring eller sletting av opplysningane dine.

  • Trekke tilbake samtykket ditt til databehandling når som helst.


For å utøve desse rettane kan du kontakte oss via kontaktskjema.

6. Informasjonskapslar (cookies)

Vi bruker informasjonskapslar for å betre funksjonaliteten på nettsida og gi deg ei betre oppleving. Du kan justere innstillingane for informasjonskapslar i nettlesaren din dersom du ønskjer å avgrense eller blokkere bruken av desse.

7. Endringar i personvernerklæringa

Vi kan oppdatere denne erklæringa ved behov for å reflektere endringar i våre tenester eller juridiske krav. Eventuelle oppdateringar vil bli publiserte på denne sida.

8. Kontakt oss

Dersom du har spørsmål om personvernet ditt eller denne erklæringa, kan du ta kontakt via kontaktskjema

Eg takkar for tilliten du viser meg og forplikter meg til å verne om personvernet ditt.

bottom of page