top of page

Om behandlingane

Etiske retningslinjer

Hypnoterapi er rekna som ei alternativ behandling i Noreg og vi kan difor ikkje garantere for resultata. Yngvil Birkeland er sertifisert hypnoterapeut og er underlagt lov om helsepersonell.

Dersom din helsesituasjon tilseier det vil vi  henvise vidare til anna hensiktsmessig behandling. Du som klient kan føle deg trygg på at du ikkje blir behandla for utfordringar og tilstandar vi ikkje har kompetanse til, og som vi  etter lov og etiske retningslinjer ikkje kan behandle. Dette vil bli avklara så snart ein slik situasjon skulle oppstå.

Menneske er svært ulike, og som ved mange andre former for terapi kan det også med hypnoterapi være naudsynt med fleire behandlingar for størst mogleg endringseffekt.

Ved mange plager og lidingar der medisinsk behandling er naudsynt, vil ein kunne oppleve lindring og auka styrke til å stå i situasjonen dersom ein nyttar hypnoterapi som ei supplerande behandling. 

Foggy Mountains

Kom enkelt i gang

Få trygg og rask hjelp

01

Finn tid som passer

Velg mellom ulike tider og finn eit tidspunkt som passer for deg.

02

Bestill time

Det er enkelt å bestille time.

Du får  bekrefting umiddelbart, og påminnelse dagen før time.

03

Velkomen til terapi

Du møter til behandling i klinikken.

Behandlingar

Når du kjem til meg møter du ein terapeut som er lyttande, og som ønsker å hjelpe deg med dei utfordringane du har. Hypnoterapi utgjer kjernen i arbeidet mitt. I tillegg nyttar eg kunnskap og metoder frå ulike energibehandlingar. Slik hjelper eg deg å åpne opp for ressursar som allerede bur i deg. 

Er du avhengig av noko?

Ta kontroll og frigjer deg frå uvaner som røyking, snusing eller søtsug

Har du ein angst eller fobi?

Frigjer deg frå fobiar og engstelse, så du kan leve livet fullt ut!

Ønsker du å gå ned i vekt?

Få hjelp til å snu usunne vanar og tankemønster om mat

Er du plaga av stress og indre uro?

Reduser stress og tankesurr, og få ein betre kvardag

Er sjølvbiletet ditt dårleg?

Bli glad i deg sjølv, og styrk din eigen sjølvtillit

Ønsker du ei rein energibehandling?

Få flyt i energien gjennom djup avslapping og lett berøring

bottom of page