top of page

Hypnoterapi + Energiterapi = GULL

  • post54842
  • 30. juli
  • 2 min lesing

Oppdatert: 5. aug.


ree

For nokre dagar sidar fekk eg ein fin anmeldelse. Denne varma litt ekstra godt og nedanfor vil eg forklare deg kvifor.


"Då eg først tok hypnoterapi-timar hos Yngvil, var desse timane banebrytande i seg sjølve. Dei løyste opp mange lag av mentale problem som hadde lagra seg i systemet mitt gjennom fleire år.  Problem, kjensler og tankar eg trudde berre var ein del av meg – der tok eg heldigvis feil.


Det som blei prikken over i-en, var likevel energibehandlingane som eg tok i tillegg.

Eg trudde først at eg berre kom til å få meir energi og kjenne meg lettare til sinns, men det blei noko mykje større.


Det forandra heile livet mitt, og eg blei den personen eg eigentleg er, innerst inne.

Frykt, vonde tankar og usikkerheit – alt berre forsvann. Nye interesser kom, andre forsvann. Intuisjonen min blei krystallklar.

 

At folk går glipp av dette tilbodet, er rett og slett gale.

Det anbefalast på det sterkaste."

Ikkje småtteri! Tusen takk!

Eg er Registrert NIHH Hypnoterapeut og markedsfører meg først og fremst som dette. Eg får stadig vekk tilbakemeldingar som viser at dette er ei sterk og virkningsfull behandlingsform og er så glad for å kunne tilby hypnoterapi her i regionen!

Dei som har fulgt meg ei stund veit at eg i fleire år før eg starta med hypnoterapien også har arbeidd med energibehandlingar. Sjølv om energiarbeid og healing blir sett på som meir "alternativt" og av nokre blir møtt med skepsis, er det for meg heilt tydeleg at det kan virke sterkt og utgjere store forskjellar for mange. Det er ei mild og vakker behandlingsform som møter heile mennesket. Hypnoterapi og energiterapi (som eg har valt å kalle det)utfyller kvarandre på ein unik måte. Å kunne kombinere desse to behandlingsformene er for meg noko at det mest spanande og viktige eg kan gjere, og eg er i stadig utvikling på korleis dei best kan flettast i hop. Å få slike tilbakemeldingar som den du nettopp las gir meg tru på at eg er på rett veg. Derfor varma den ekstra godt! Eg blir borte det meste av august, men frå 1. september er eg tilbake med påfyll av ny kunnskap og inspirasjon. Booking på nett går som normalt sjølv om eg er borte. God seinsommar!




Helsing YngvilB
Helsing YngvilB




 
 
bottom of page