top of page

VIL DU VÆRE MED Å SKAPE EIT SJØLVHJELPSBIBLIOTEK?

  • 11. juli
  • 2 min lesing

Hei! I dag skal du få ei lita sommargåve av meg!

Lydfila Kom i kontakt med din eigen indre krystall er ein hypnosemeditasjon som gir deg høve til å gå inn i ei djup avslapping, samtidig som eg guidar deg mjukt i møte med dine eigne indre ressursar. På sosiale medier har eg lagt ut denne som ei gåve til dei som har valgt å fylgje meg over på @yngvilbirkeland.no. Der har eg no slått saman mine to kontoar yngbirk/kunst og hypnoterapeuten/terapi for å kunne være synleg samla på ein stad. Du som les dette er jo allerede inne på epostlista mi, så eg vil gjerne at du også skal få den samme gåva. Om du er av dei som allerede har bestilt og fått den, så får du berre unnskylde min manglande kunnskap om differensiering i epostane enno :-D Men les vidare, for eg treng di hjelp!



HYPNOSEBIBLIOTEK

Denne lydfila er første smak frå et hypnosebibliotek eg er i ferd med å bygge opp. Her vil du etterkvart finne hypnosemeditasjonar som skal være til hjelp for mange ulike utfordringar . Eg vel å gjere dette fordi eg ser for eit godt hjelpemiddel hypnose og sjølvhypnose er, og eg ønsker å kunne hjelpe flest mogleg. Både dei som ikkje kan komme fysisk til meg, og som eit rimelegare alternativ for sjølvhjelp. No tek eg ferie, men det første eg set igang med når eg er tilbake er å gjere dette biblioteket klart til å lanserast. Då vil du kunne abonnere på heile eller delar av det.

DU KAN PÅVERKE INNHALDET Kva tema ønsker du å finne hjelp for inne i dette biblioteket? Sjølvtillit? Prokrastinering? Søtsug? Spirituell og åndeleg utvikling? Eigenkjærleik?Eller noko heilt anna? Send meg gjerne ei melding. Eg lagar lydfiler etterkvart som inspirasjonen kjem, så her har du god mulighet til å være deltakande i prosessen. Eg gler meg til å høyre frå deg! God sommar til deg der du er. Helsing YngvilB

PS: Ved å bestille lydfila godtek du å komme på epostlista til yngvilbirkeland.no. Det vil seie ikkje seie at du får dobbelt opp, men at du vel å fylgje meg over på mi nye adresse.

Hypnoterapeuten.no vil truleg etterkvart bli fasa ut.


 
 
bottom of page