top of page

NY UTSIKT OG BETRE LØYSINGAR

  • post54842
  • 24. nov.
  • 2 min lesing
Vakker og stemningsfull solnedgang som no frontar nettsida mi. Fotograf:  Leif Røv
Vakker og stemningsfull solnedgang som no frontar nettsida mi. Fotograf:  Leif Røv



EIT ÅR MED INNHALD


Det har vore eit hektisk år for meg, med mykje spanande og lærerikt innhald.

Yngvil Birkeland Hypnoterapi, sentralt plassert i Volda sentrum, er i ferd med å etablere seg som ein klinikk mange i lokalmiljøet kjenner til. Eg merkar også at ordet sprer seg, så eg stadig oftare får nye klientar frå heile regionen. Mange kjem fordi dei har blitt tipsa av ein ven eller slektning som har vore hos meg og hatt ein positiv opplevelse av behandlinga dei har fått.


Tusen takk til alle dykk som "namedroppar" meg! Dette er til uvurderlig hjelp, og bidrar til å spre kunnskapen om dette unike behandlingstilbodet. Fortsett veldig gjerne slik.



DIGITALE LØYSINGAR TIL DET BETRE


Eg har brukt dette året til å "gå meg til" på fleire frontar. Både praktisk i lokala, og med hensyn til digitale løysingar. Kva fungerer best, både for meg og for deg som ynskjer hjelp?


Eit grep i denne prosessen er at eg no vel å gå bort frå organiseringa med ulike prispakkar på bookingsida. I staden vil du kunne bestille enkelttime samme kva du ønsker hjelp med. Vi avgjer då i samråd ved første besøk korleis ditt personlege behandlingsforløp skal sjå ut.


På denne måten blir bestillingsida meir oversikteleg. Behandlinga blir også betre tilpassa ditt personlege behov og du slepp å legge ut ein større sum ved oppstart.


Ønsker du ein samtale før du går til steget å bestille din første time, så er dette sjølvsagt framleis mogleg. Du bookar då ein innleiande samtale. Denne er gratis, og foregår normalt sett på telefon. Om du er meir bekvem med fysisk møte så gir du berre beskjed om det. Då tar vi samtalen på Snippa 2 i Volda.


Eg er også veldig glad for at Leif Røv takka ja til å la meg bruke den fantastiske Sunnmørs-solnedgangen som framsidebilde på nettsida mi. Tusen takk!


Velkommen til meg! Galleriet har no vorte behandlingsrom, der kunsten bidrar til å setje stemninga
Velkommen til meg! Galleriet har no vorte behandlingsrom, der kunsten bidrar til å setje stemninga


Veit du om nokon som kunne ha glede av å kjenne til Yngvil Birkeland Hypnoterapi? Då blir eg glad om du vidaresender dette nyhetsbrevet.

Helsing YngvilB




 
 
bottom of page