Å REISE INNOVER
- for 4 døgn siden
- 2 min lesing

«Dette er det raraste og det råaste eg har vore borti!»
Utsagnet kom frå ein person som hadde vore hos meg fleire gonger, og som nettopp hadde kome «tilbake» etter ei økt i djup hypnose.
Og nettopp slik kan det kjennast.
Kanskje er det noko av dette som gjer det utfordrande å forklare kva som eigentleg skjer i ei hypnoterapibehandling. Når eg nyttar hypnose i terapi, er det som eit verktøy som hjelper oss å kome ned i dei laga som ligg gøymde djupt i den underbevisste delen av sinnet. Der kan vi skape endring i fastlåste tankar, vanar og handlingsmønster.
Av og til får eg spørsmål om denne typen hypnose kan vere farleg, eller om ein kan få opp meir enn ein tåler. Men slik er det faktisk ikkje. Det underbevisste sinnet ditt er uendeleg klokt, og sjølv om det ikkje alltid kjennest slik, ønsker dette sinnet alltid det beste for deg.
I behandling med hypnose vil underbevisstheita di difor legge til rette for å opne opp, gi slepp og finne svar – på den måten og i det tempoet som er tryggast og mest hensiktsmessig. Alt som kjem opp, blir presentert i ei form du kjenner deg heime i. Ofte gjennom symbolske bilete.

Er du til dømes i ein prosess der du ønskjer å forstå eigne reaksjonsmønster, kan du møte indre bilete og symbol som gir ei kjensle av å vere i ei eventyrforteljing eller ein fantasyfilm. Som hypnoterapeut er mi rolle å leite, guide og hjelpe det underbevisste sinnet fram til svar og løysingar som er til ditt beste. Sjølve endringsarbeidet er det faktisk du sjølv som står for. Alle svar, og alle ressursar, blir løfta fram frå dei djupare laga av sinnet – der vi alle er både klokare og sterkare enn vi ofte kjenner oss.
Eg, hypnoterapeuten, blir på sett og vis både detektiv og reiseledar som får bevege meg inn i dette eventyret, for å hjelpe deg med å opne opp for ressursar som har lege latente heile tida.
Og det beste av alt? Dette skjer medan du er så djupt nede i ei behageleg avslapping at når eg tel langsamt opp att frå fem til éin, kjennest det ofte som om du har vore i djup, djup søvn.
Tenk å kunne unne seg ein slik magi – midt på dagen. 🌿


