top of page

YNGVIL DRAR PÅ LANGTUR

  • post54842
  • 8. aug.
  • 2 min lesing
Lokal helt kom seg heilt til seters / Machu Picchu (Bilete henta frå nett)
Lokal helt kom seg heilt til seters / Machu Picchu (Bilete henta frå nett)

Eit litt annleis innlegg frå hypnoterapeuten.no i dag. Sommaren er på hell og dei fleste byrjar å sikte seg inn på jobb, skulestart og kvardagar igjen. Kva gjer eg? Det stikk motsatte. I sommar har eg jobba ein del, nettopp for å gi plass til det som skal skje dei neste tre vekene. Over helga sett eg meg på flyet (eitt av fleire) som skal ta meg til Peru!

I nesten tre veker skal eg reise rundt saman med lokale q'ueroar til heilage stader som Machu Picchu, Lake Titicaca og Sacred Valley. Alt i trygg leiing av Maria og Bjørn Løken i Picaflor Life Energy, som er arrangørane av turen frå norsk side.

Turen er ikkje berre ei turistreise der eg frå møte ein heilt annan kultur enn min eigen. Vi får bu i lokalsamfunna, delta på lokale heilage rituale, og eg får høve til å ta del i deira lærdom om energiarbeid , vår kopling både til jorda (Pachamama) og til det som er større enn oss sjølve.

Floating Islands of Titicaca - Her skal vi bu ei natt (Bilete henta frå nett)
Floating Islands of Titicaca - Her skal vi bu ei natt (Bilete henta frå nett)

Akkurat no er eg fylt av skrekkblanda fryd! Det kitlar i magen og eg er spent på kva som møter meg. Men eg kjenner med heile meg at dette er noko som skal lede meg vidare både personleg og i mitt arbeid som terapeut. At biletkunstnaren i meg (yngbirk.no) også får påfyll av inspirasjon er vel heller ikkje usannsynleg. Eg gler meg til å dele opplevelsen med dykk når eg kjem tilbake. Kanskje dukkar det opp noko allerede undervegs på Instagram og FB? Hugs å fylgje meg der. Og del gjerne med ein venn du tenker kan ha glede av det. Instagram - Hypnoterapeuten.no

02. september er eg tilbake på Snippa. Bookingsidene går som normalt medan eg er borte. Det er berre å gå inn her og finne ei ledig tid som passer for deg.

Nos vemos de nuevo mi amigo!

Eller (hvis google translate gjer jobben sin) på Quechua:

Hukmanta tupananchik, amistadniy!



Lokale q'uerojenter  (Bilete henta frå nett)
Lokale q'uerojenter (Bilete henta frå nett)


Helsing YngvilB
Helsing YngvilB


 
 
bottom of page